Ulstein Betong Marine (UBM) produserer flytande betongkonstruksjonar til marine miljø. Konstruksjonane vert produserte i tørrdokk i Haddal i Ulstein kommune. Vi har mange års røynsle innan marine betongkonstruksjonar - og sidan starten i 1988 er det produsert over 180 flåtar, kaier og flytemoloar. Grunna stor aktivitet søkjer vi fleire medarbeidarar.
Betongarbeidar / Hjelpearbeidar betong
Oppgåver
• Forskalingsarbeid
• Armeringsarbeid
• Betongarbeid
• Bygging av stillas
• Andre oppgåver som sveising og montering
Ønska kvalifikasjonar
• Røynsle med forskalings- og armeringsarbeid
• Røynsle med betong og betongarbeid
• Gjerne relevant fagbrev
• Røynsle med anna arbeid, gjerne frå bygg og anlegg *
• Kunne snakke og skrive norsk
Personlege eigenskapar
• Fleksibel og løysingsorientert
• Strukturert og ansvarsbevisst
• Trivast i eit travelt og engasjert arbeidsmiljø
• Lærevillig og likar å arbeide ute med praktisk arbeid *
• God orden
• Fokus på kvalitet og presisjon
• Fokus på HMS og ytre miljø
Vi tilbyr
• Spanande, varierte og utfordrande arbeidsdagar
• Personleg utvikling og opplæring i jobben
• Trivelege kollegaer
• Konkurransedyktige vilkår
* Den som har erfaring frå anna praktisk arbeid, er lærevillig og engasjert vert også oppfordra til å søke som hjelpearbeidar betong.
Spørsmål om stillinga kan rettast til Asbjørn Tronstad, tlf. 920 80 248 eller Eli Oksavik, tlf. 952 22 839.
Søknad skal sendast pr. e-post til: eli@ulsteinbetong.no
Søknadsfrist 15.04.24